Drangsdalen er eit dalføre mellom Moi og Heskestad i Lund kommune, i Rogaland fylke. Namnet Drangsdalen blir mest brukt om den austre, trongaste delen av dalen som går vestover frå Hovsvatnet (62 meter over havet) til Monatjørn (181 meter). Gjennom Drangsdalen, som er aude, går E39 og Sørlandsbanen, sistnemnde delvis i tunnel.
Førsteleddet i namnet heng antakeleg saman med nyislandsk drengja, 'snøre fast saman' eller nynorsk dialektuttrykk drange, 'innsnevring', som passar godt til topografien her.
Kommentarar (2)
skreiv Harald E. Bue
svarte Georg Kjøll
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.