Det Vestnorske Teateret er eit regionteater i Vestland fylke, og har frå 2016 fast scene i Logen i Bergen sentrum, der teateret viser eigne framsyningar og gjestespel frå faste samarbeidspartnarar og andre, i tillegg til å turnere i fylket. Teateret blei grunnlagt i 1988 under namnet Hordaland Teater.

Faktaboks

Også kjend som

tidlegare Hordaland Teater

Teaterets profil

Det Vestnorske Teateret har ein nynorsk profil og ein identitet som er forankra i det vestnorske. Teateret har ein klar ambisjon om å vere ein tydeleg nynorsk scene på Vestlandet. Det har eit formalisert samarbeid om gjestespel og samproduksjonar med dei to andre store nynorskteatera i Noreg, Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane Teater) og Det Norske Teatret.

Det Vestnorske Teateret har ein lang tradisjon med ei sterk satsing på utvikling og bruk av ny norsk dramatikk, og jobbar tett med nye vestnorske og nynorske forfattarar og dramatikarar om utvikling av ny scenetekst.

Teateret var Noregs første institusjonsteater retta mot barn og unge, og hadde lenge særskild kompetanse på figurteater. På dette området samarbeidde teateret nært med Riksteatret, mellom anna om utdanning for dokkespelarar.

I dei seinare åra har teateret arbeidd for å nå eit vakse publikum, særleg etter det fekk ein fast spelescene i Bergen sentrum, og i dag vender teateret seg til alle som bur i Vestlandsregionen.

Historikk

Teateret blei grunnlagt etter initiativ av Anne Gullestad og Karel Hlavatý. I 1995 fekk teateret regionteaterstatus. Våren 1998 opna kulturbygget på Stend i Fana utanfor Bergen, der Hordaland Teater var lokalisert saman med Hordamuseet og Vegmuseet før teateret flytta inn i dei renoverte lokala i Logen. Samtidig turnerte teateret i Hordaland fylkeskommune.

Teatersjefar

Periode Namn
1. august 2023 – Thomas Bye
1. mai 2017 – 2023 Solrun Toft Iversen
2016 Terje Lyngstad
1. mars 2009 – 2015 Trond Birkedal
2005 – 28. februar 2009 Arvid Ones
1999 – 2004 Vera Rostin Wexelsen
1995 – 1998 Anne Gullestad

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.