foto av kvit larve

Larvane til nashornbillene et daude planter og er ein viktig nedbrytar. Dei lever gjerne i nærleiken av komposthaugar.

Av /Biopix.

Nedbryting er at daudt materiale blir brote ned til enklare stoff. Til dømes kan visne blad som ligg på bakken bli brotne ned til jord. Jorda gir næring til planter og tre.

Nedbryting er ein viktig del av krinsløpet i naturen. Åtseleterar er òg ein viktig del av nedbrytinga. Dei et daude og rotnande dyr.

For at ei daud plante eller eit daudt dyr skal bli til jord, trengst det hjelp frå nedbrytarar.

Nedbrytarar

daud hare ligg på gress

Når eit dyr døyr og vert liggjande i naturen, vert det raskt angripe av åtseletarar og nedbrytarar. Åtseletarane et noko av dyret, fordøyer det og spreier næringsstoffa som bæsj. Mange sopp og mikroorganismar bidreg vidare til å bryta ned dyret.

Foto av hare under nedbryting
Av /Shutterstock.

Nedbrytarar kan til dømes vere bakteriar, sopp og visse dyr. Desse et restar etter daude dyr og planter. Dei kan òg ete bæsjen til dyra.

Når bakteriar og sopp døyr, går dei fort i oppløysing. Restane blir til næring i jorda som planter kan ta opp.

Mange soppar og bakteriar lever berre av éin spesiell type næring, til dømes daude tre. Desse blir kalla spesialistar. For å bryte ned eit tre, treng ein fleire ulike nedbrytarar, som har ulike oppgåver. Ved hjelp av ulike soppar og bakteriar, blir treet til slutt til jord.

Små dyr kan òg vere nedbrytarar, til dømes sniglar, fluger og jordlopper. Meitemakk er ein viktig nedbrytar i jorda. Han et daude restar etter planter.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Lene Liebe Delsett
Doktor i virveldyrpaleontologi, Universitetet i Oslo