Hopp til innhald

Regjeringa Stoltenberg II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Regjeringa Stoltenberg II utanfor slottet i Oslo den 17. oktober 2005 Fotografert av Brukar:Cnyborg

Regjeringa Stoltenberg II var den fungerande regjeringa i Noreg mellom 2005 og 2013. Den vart danna med Jens Stoltenberg som statsminister, etter Stortingsvalet 2005. Regjeringa er ein koalisjon mellom Arbeidarpartiet (Ap), Senterpartiet (Sp) og Sosialistisk Venstreparti (SV). Regjeringa blir ofte kalla den raud-grøne regjeringa. Etter Stortingsvalet 2009 hadde dei tre regjeringspartia framleis fleirtal i Stortinget, og heldt dermed fram med regjeringssamarbeidet. 20. oktober 2009 vart det presentert fleire endringar blant medlemmene av regjeringa, statsrådane, og den har difor i media også blitt omtalt som Regjeringa Stoltenberg III.

Regjeringa sin første periode, 2005-2009

Då valresultatet viste at dei tre partia til saman fekk fleirtal i Stortinget, byrja regjeringsforhandlingar mellom dei tre den 26. september 2005 på konferansestaden Soria Moria i Oslo. Soria Moria-erklæringa er ei nemning på forhandlingsresultatet, som er det politiske grunnlaget for regjeringa.

Den nye regjeringa vart oppnemnd av Kongen i statsråd med verknad frå den 17. oktober 2005.

Regjeringa sin andre periode, 2009-2013

Dei tre regjeringspartia vann Stortingsvalet 2009, og fekk dermed høve til å halde fram i regjering. Dei tre partileiarane Stoltenberg, Navarsete og Halvorsen starta regjeringsforhandlingane måndag 21. september i Regjeringskvartalet i Oslo.

Onsdag 7. oktober 2009 la dei tre partia fram Soria Moria II, ei ny regjeringserklæring som skal fungere som ei plattform for det vidare arbeidet med å styre Noreg. Denne erklæringa vart lagt fram på konferansestaden Soria Moria i Oslo, på same måte som etter valet i 2005.

Regjeringa i september 2012

I 2012 hadde regjeringa totalt 20 medlemer, 12 statsrådar representerte Arbeidarpartiet, medan Sp og SV hadde fire statsrådar kvar. Statsministeren og partileiarar frå Sp og SV er rangert øvst, deretter kjem utanriksministeren og så resten av statsrådane i vilkårleg rekkjefølgje.

Statsminister: Jens Stoltenberg (Ap)

Statsrådar i:

Kommunal- og regionaldepartementet:

Kunnskapsdepartementet:

Utanriksdepartementet:

Forsvarsdepartementet:

Finansdepartementet:

Nærings- og handelsdepartementet:

Samferdsledepartementet:

Helse- og omsorgsdepartementet:

Miljøverndepartementet:

Justis- og politidepartementet:

Olje- og energidepartementet:

Statsministerens kontor (Stabssjef):

Kunnskapsdepartementet:

Kulturdepartementet:

Landbruks- og matdepartementet:

Arbeidsdepartementet:

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet:

Fiskeri- og kystdepartementet:

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet:

Tidlegare medlemer av regjeringa

Denne lista er sortert etter statsrådpostane.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Regjeringa Stoltenberg II